Bli med på utekonsert med Egil Olsen i fortryllande omgjevnadar på Øvre Ljøen på Hellesylt. På opplevings-garden til familien Bonsaksen, i fjellsida med utsikt over Storfjorden og Geirangerfjorden, er det bygd scene og amfi. Med Egil Olsen sin nydelege musikk, og dei majestetiske fjella og fjorden i bakgrunnen, blir dette ei stor natur- og musikk-oppleving.

Egil Olsen er omtala som “Noe av det fineste og mest underfundige vi har” (VG) og som “En av landets aller beste låtskrivere” (DN). Han har nettopp markert sitt tiande år som artist med dobbel liveplate, til våren slepp han ei ny dobbelplate med raritetar, coverlåtar og demoar. I tillegg til sine 5 kritikerroste album og hundrevis av konsertar, har Egil Olsen laga sine eigne platecover og musikkvideoar, bidrege med musikk i både filmar, tv og dataspel, hatt kunstutstilling og si eiga sjølvbiografiske teikneseriestripe i Dagbladet. Han har turnért i Noreg, Tyskland, Japan, Kina og USA, og spelt på alt fra store klubbar og festivalar som Rockefeller og Øya, til bittesmå kaféar og hagefestar. Han har til og med fått si eiga tributeplate der artistar som Thom Hell, Side Brok, Robert Post og Sondre Lerche tolkar songana hans. 

---ENGLISH---

Join us for an outdoors concert with Egil Olsen in enchanted surroundings at Øvre Ljøen, Hellesylt. At the Bonsaksen’s mountain farm, overlooking Storfjorden and Geirangerfjorden, there’s a stage and an amphitheater. With Egil Olsen’s beautiful music, and the majestic mountains and fjords in the background, this will be a great nature- and music-experience.

Egil Olsen is claimed “Some of the finest and most peculiar things we have” (VG) and as “One of Norway’s very best songwriters” (DN). Recently he celebrated 10 years as an artist by releasing a double live record, and this spring he is releasing a new double record with rarities, covers og demos. Besides making 5 critically acclaimed albums and hundreds of live shows, he has also made his own album artwork and music videos, contributed with music to film, tv and computer games, had his own art exhibit and his own auto-biographical comics strip in the newspaper Dagbladet. He has toured Norway, Germany, Japan, China and the US, and played major clubs and festivals like Rockefeller and Øya-festival, as well as the tiniest cafés and backyards. Egil Olsen even has his own tribute album with Norwegian artists covering his songs.